*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KURSAR SEG: Koordinator i Introduksjonstenesta i Sauda, Linda Marthinussen (frå venstre), Ahmed Mahamed og Tiitiin Ali Madobe er, i tillegg til Per Ivar Sivle, på god veg til å bli ICPD-rettleiarar. Som ein del av opplæringa har dei møte med flyktningar busett i Sauda. (Foto: Linda M. Lie)

Fokus på barn-foreldre-kontakt

Flyktningar skal kurse flyktningar.

I januar starta Per Ivar Sivle og Linda Marthinussen i Introduksjonstenesta i Sauda, saman med Tiitiin Ali Madobe og Ahmed Mahamed, på eit kurs med mål om å bli godkjente ICPD-rettleiarar. ICPD, eller International Child Development Program, er eit rettleiingsprogram der ein har fokus på kommunikasjonen mellom foreldre og barn. Fleire i Sauda kommune er sertifiserte, men nå har Introduksjonstenesta valgt å spesialisere seg innan kurs tilpassa foreldre med minoritetsbakgrunn.

– Det betyr at vi fire kan ha kurs for foreldre med flyktningebakgrunn, eller frå andre land, slik at Madobe og Mahamed kan ta dette med dei på sine språk, somali eller arabisk, forklarer Marthinussen, som er koordinator i Introduksjonstenesta i Sauda.

Dei fire kursdeltakarane har vore på tre samlingar i Bergen. Som ein del av utdanninga må dei halde eigne kurs i Sauda, noko dei er godt i gang med. Tiitiin Ali Madobe hadde aldri snakka foran ei gruppe før, men nå har ho leia åtte personar som ein del av ICPD-utdanninga.

– Det er viktig at vi får lært dei som kjem frå andre land korleis det fungerer i Norge. Det er mykje å sette seg inn i, både når det gjeld lover og reglar for korleis ein skal ha det godt saman med barna. Forskjellane frå Norge til mange andre land er veldig store, forklarer ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her