Onsdag i denne veka vedtok eit einstemmig Rogaland fylkesting å søka Kunnskapsdepartementet om status som landslinje for volleyball- og sandvolleyballtilbodet ToppVolley Norge ved Sauda vidaregåande skule avdeling Sand. Fylkespolitikarane ser føre seg at denne statsfinansierte landslinja skal starta opp med 72 elevar hausten 2015. Avdelingsleiar ved ToppVolley Norge, Øyvind Marvik, er glad for vedtaket Rogaland fylkesting fatta onsdag. – Kjempebra. No går me «all inn», konstaterer han om det vidare
arbeidet som ventar før departementet fattar si avgjerd. Marvik forklarer at grunnen til at skulen ønsker å få landslinje-statusen er utfordringa dei fekk då den vidaregåande skulen i Åmli søkte om denne statusen. – Ikkje fordi me følte me måtte søka, men eg er overtydd om at om me skulle vera så heldige å få landslinjestatus kan me gi eit vel så bra tilbod, legg han til. Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her