*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FORBODE: Det er ikkje lov til å brenne bål i Sauda i dag, sjølv om det er i samband med Sankt Hans-feiring. (Illustrasjonsfoto)

Ingen Sankt Hans-bål

Saudabuen må i kveld feira Sankt Hans utan bålbrenning.

Kombinasjonen av tørke og vinden som aukar på utover ettermiddagen i dag, måndag, fekk brannsjef Harald Eikrem til å bestemma seg.

– Det er lagt ned forbod mot bålfyring i heile kommunen, konstaterer brannsjefen.

Eikrem fortel at også nabokommunen Suldal har innført det same forbodet.

Måndag morgon meldte NRK Rogaland om skogbrann ved Oftedal Næringsbygg i Sirdal, ein brann som truleg starta etter bålbrenning. Brannvesenet i Sirdal la då ned totalforbod mot bålbrenning også i kveld, Sankt Hans. Det var også branntilløp i skog og kratt to andre stader i sørfylket, og fleire kommunar har lagt ned forbod mot Sankt Hans-bål.

Brannsjef Harald Eikrem ber folk respektera forbodet og ta omsyn til at tørken og vinden gir stor skogbrannfare.

Eikrem tillet likevel grilling med bruk av grillkol, men oppmodar saudabuen til å ha rikeleg med vatn for sløkking av grillen når grillinga er ferdig.