– Skriv ein på sosiale medier at ein skal vera i Syden i to veker kan dette vera ein invitasjon til innbrotstjuvar, seier Siri Fisketjøn Indrebø, fungerande lensmann i Sauda og Suldal lensmannsdistrikt.
Politiet går nå aktivt ut og rår folk til å gjera tiltak for å førebygga vinningskriminalitet i feriemånadene. I ei pressemelding skriv politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Steinar Langholm, at vinningskriminaliteten har gått ned dei seinare åra. Politimeisteren minnar likevel om at ein ser ein auke i grove tjuveri frå bustad. Ferietid er høgtid for denne typen kriminalitet, som ofte blir utført av såkalla mobile vinningsforbrytarar.
Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø fortel at det fins mange førebyggande tiltak ein kan gjera folk å halda tjuvane borte.
– Be naboar følga med på bustaden din medan du er borte, sørg for at nokon tar inn posten din, lås dører og vindauger, ha gjerne eit lys på, ta husnøkkelen med deg, ikkje legg verdisaker lett tilgjengeleg, ikkje la stigar ligga lett tilgjengeleg og ha gjerne alarm i alle etasjar, seier ho.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.