Ja og nei om spelemidlar

Sauda kommune har fått både ja og nei frå Rogaland fylkeskommune på søknadar om tippemidlar.

Fylkeskommunen seier ja til å løyva 88 000 kroner i tippemidlar til elektroniske skiver i Saudahallen, 85 000 kroner til Risvollia orienteringskart og 300 000 kroner til ballbinge ved ungdomsskulen.

Men søknadane om to tiltak i Saudahallen, eit ved Sauda stadion og eit nærmiljøtiltak ved Risvoll skule nådde ikkje opp i denne tildelingsrunden. Fylkeskommunen grunngir avslaga med manglande midlar.