*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NY OG STØRRE: 641 m3 betong og 100 tonn armeringsjern er brukt til bygginga av nye Nordelv bru. Brua blir opna for trafikk den andre veka i juli. (Foto: Ingvil Bakka)

Nye Nordelv bru snart klar

Det seks månader lange arbeidet med brubygginga går mot slutten.

– Alt har gått heilt etter framdriftsplanen. Nå blir det asfaltering i veke 27, og i veke 28, den andre veka i juli, opnar me brua for trafikk, seier Torbjørn Jektnes, byggeleiar hos Statens vegvesen.

Dermed har det lokale entreprenørselskapet Brødr. Selvik as halde avtalen om å riva gamle Nordelv bru og bygga ei splitter ny og større bru over Nordelva på temmeleg nøyaktig seks månader. Dagleg leiar i selskapet, Leif Inge Løland, er godt fornøgd med prosjektet.

– Alt har i grunnen gått bra frå dag ein. Me har vore heldige med vêret og sloppe regn og mykje vatn i elva. Etter eit slikt, langt prosjekt, med fleire periodar med ekstra kjør, skal det nok bli godt med ferie for dei som har jobba med brua, seier han.

Storelv bru som blei bygd i 2011 kosta Statens vegvesen rundt rundt 12 millionar kroner. Tilbodet på Nordelvbru ligg i kontrakten på 11,9 millionar kroner utan meirverdiavgift.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.