PÅ PLASS: Den sveitsiske arktikekten Peter Zumthor har teikna anlegget i Almannajuvet, og har lete seg innspirere av naturen og gruvehistorien, noko ein kan sjå i det nymonterte servicebygget. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)
PÅ PLASS: Den sveitsiske arktikekten Peter Zumthor har teikna anlegget i Almannajuvet, og har lete seg innspirere av naturen og gruvehistorien, noko ein kan sjå i det nymonterte servicebygget. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Servicebygget på plass

Tysdag vart det første bygget i Almannajuvet montert.

Tysdag i denne veka vart servicebygget montert ved parkeringsplassen, utan problem undervegs. Den svarte og grå konstruksjonen som skal fungere som toalett for besøkande heng no ut frå muren slik teikningane har vist sidan prosjektet vart presentert. Den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor har designa anlegget med fokus på å få det til å passe inn i den storslegne naturen og historien med gruvedrift. Servicebygget som vart montert tysdag i denne veka er bygd i Weldone sine hallar i Saudasjøen.

– No vert det lagt golv, og deretter er det klart til å verte innreia i løpet av sommaren, opplyser Per Ritzler, mediekontakt i turistvegseksjonen ved Statens vegvesen.

Utbygginga av Almannajuvet i samband med Statens vegesen si satsing på Nasjonal turistveg starta i 2007, og opningsdatoen for anlegget har vorte utsett fleire gonger. Frå først å ha lova opning i 2010, annonserte vegvesenet i mars i år at anløegget nå skal stå klart i 2016.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.