– Ein million kroner i spelemidlar til Folkets Hus.
Det er den glade sommarmeldinga frå fylkesrådmannen til kultursjefen i Sauda, Åshild Marie Øverland.
Millionbeløpet kjem frå potten fylkeskommunen er tildelt av spelemidlar til lokale kulturbygg i 2014. Fylkeskommunen fekk tildelt totalt ni millionar kroner til dette føremålet, og opplyser at alle godkjente søknadar med dette kan imøtekomast.