– Eg må seie det kjennest greit, vedgår ei blid Tiril Bjønnes måndag føremiddag.
26-åringen, som bur i Grimstad, sa etter deltakinga i norgescupen at målet hennar var å få sykle med flagget på brystet.
– Det har vore det eg arbeidde for å kanskje klare etterkvart, men det kom tidlegare enn eg hadde forventa. Eg visste ikkje at eg presterte tilstrekkeleg alt no, seier ho, og trur innsatsen i fellesstarten under NM, der ho fekk vist stabilitet og vilje som sykkelryttar, var utslagsgivande for landslagsplassen.
Bjønnes var i helga i Sverige for å delta i U6 Cycle Tour, som er skandinavia sitt største ungdomsritt. Der konkurrerte ho mot 67 andre syklistar frå Sverige, Finland og Noreg i tre ritt og kom på høvevis 8., 12. og 2. plass. I går, måndag, reiste ho til Frankrike for å delta i sitt første ritt med landslaget.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.