Det lokale brannvesenet har i mange år tilbode seg å ta imot brann,- innbrots- og ransalarmar. Mange bedrifter har nytta seg av dette tilbodet.
Men no skal det innførast eit nytt, felles naudsamband for alle naudetatane. Dette sambandet vert knytta opp til ein alarmsentral som er bemanna heile døgeret. Brannvesenet i Sauda har, ifølge brannsjefen, korkje det tekniske utstyret eller bemanninga som krevst for å fortsetta å ta imot dei lokale alarmane. Rådmannen vil difor be formannskapet i møte 27. august tenka over om kommunen kan klara å oppretthalda tilbodet. Viss ikkje, vert det truleg avvikla 1. november.