SUKSESS: Laurdagens Vanvikfestival var ein suksess. Fiskefestivalen gjekk føre seg i strålande sol og rundt tretti varmegrader. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)
SUKSESS: Laurdagens Vanvikfestival var ein suksess. Fiskefestivalen gjekk føre seg i strålande sol og rundt tretti varmegrader. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Full klaff for Vanvikfestivalen

26 ser ut til å vere det magiske talet for Vanvikfestivalen. Ifølgje Amund Fattnes var laurdagens arrangement eit av dei beste nokonsinne.

Strålande sol, hamna full av båtar, mange sommarglade menneske og nærmare tretti varmegrader sette ramma for den tradisjonsrike fiskefestivalen laurdag. Bente G. Løland frå arrangøren Hylsfjorden Idrettslag er storvegs nøgd med arrangementet, der det var 154 påmeldte.
– Alt har gått knirkefritt, og det var berre smil å sjå. Det har vore mange båtar og mange tyske turistar, og det er bra, seier ho, og rosar dugnadsgjengen som har jobba hardt for å få alt til å fungere.

Om kvelden var det duka for bryggedans, og inngjerda telt utgjorde området der gjestene kunne svinge seg til tonar frå bandet Podsoll.
– Dette har vore ein av dei beste festivalane nokonsinne! Både teknisk, med resultata, fantastisk vêr, ikkje noko tull – alt har klaffa. Og saudabuen stilte opp i massevis, skryt Amund Fattnes, leiar for kveldsarrangementet i regi av Fjordguten Ungdomslag.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.