*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
REAGERER: Leiar i Sauda AUF, Remy Penev (frå venstre), samla førre veke troppane i form av Harald Handeland, leiar av Sauda fabrikkarbeiderforening, Geir Allan Stava, leiar i LO Nord-Rogaland og Steffen Høiland, leiar i Fellesforbundet avd. 57 for å vise sin protest mot Solberg-regjeringa sitt forslag om endring av arbeidsmiljølova. – Det vil verte verre for alle, unntatt nokre få som skummer fløyten, trur Geir Allan Stava. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Slår alarm om lovendring

Lovendringsforslag frå regjeringa er ifølgje dei raude representantane reinspikka ideologi som vil skade det norske arbeidsmiljøet og samfunnet.

Etter at regjeringa før sommaren la fram forslag til endring av arbeidsmiljølova, manar arbeidarane sine representantar i Sauda opp til kamp. Arbeidsmiljølova vart vedteken i 1977 og seinast tilpassa EU sit rammedirektiv for arbeidsmiljø i 2006. Målet med lova er å sikre eit godt arbeidsmiljø med samarbeid mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, trygge tilsettingsforhald og eit inkluderande arbeidsliv.

Tysdag i førre veke møttest leiar i LO i Nord-Rogaland, Geir Allan Stava, Remy Penev, leiar i Sauda AUF, Steffen Høiland, leiar i Fellesforbundet avd. 57 og Helge Handeland, leiar i Sauda fabrikkarbeiderforening i møtelokalet på Sauda smelteverk. Dei går no saman for å protestere mot den blå regjeringa sitt politiske tiltak.

LO-leiaren meiner at lovendringsforslaget tyder på at regjeringa utfører eksperiment i eit av verdas best fungerande arbeidsmarknader.
– Det finst ikkje bevis for at slik liberalisering av arbeidsmarknaden gir økonomisk vekst – ein kan berre sjå på andre land som har innført det. Dette tyder på at det er rein ideologi, og at regjeringa ut frå blåe prinsippar vil redusere arbeidstakarane sin posisjon og svekke fagrørsla, fastslår Stava, som meiner at ei godkjenning vil bremse den økonomiske utviklinga på sikt.
– Fleire midlertidige jobbar gir ikkje fleire arbeidsplassar. Tvert om trur eg det vil gi færre jobbar på sikt. Å vere midlertidig tilsett vil ha ei negativ påverknad på produktiviteten på grunn av manglande erfaring, tilknyting til jobben og dermed loyalitet, i tillegg til at incentiver til å gjere det bra forsvinn, supplerer Remy Penev, som har teke initiativet til å samle troppane.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.