KOLLEGAER: Brit Bjelland (nærast kamera) starta som saksbehandlar ved Bestillarkontoret i 2004 og fekk god opplæring av sekretær Erna Aarthun. I sommar takka Bjelland ja til å leia kontoret.
KOLLEGAER: Brit Bjelland (nærast kamera) starta som saksbehandlar ved Bestillarkontoret i 2004 og fekk god opplæring av sekretær Erna Aarthun. I sommar takka Bjelland ja til å leia kontoret.

Tar over leiinga av Bestillarkontoret

Men Brit Bjelland skiftar ikkje arbeidsstad.

– Eg har jobba ved Bestillarkontoret sidan 2004. Nå har eg gått frå ei rein saksbehandlarstilling til å vera både saksbehandlar og leiar av kontoret, forklarer Brit Bjelland.
Ho overtar sjefsstillinga etter Inger Beate Sandengen, som er tilsett som ny einingsleiar ved Åbøtunet.

Bestillarkontoret til Sauda kommune blei oppretta i 2000 for å samla all saksbehandling av tenester innan helse- og omsorgstenesta. Før var slike arbeidsoppgåver fordelt på leiarane ute i dei mange kommunale einingane.
I samband med leiarskiftet har Elin Dybing fått utvida si saksbehandlarstilling til 80 prosent, medan Mette Almlund har takka ja til ei 40 prosent saksbehandlarstilling ved kontoret. Både Bjelland, Dybing og Almlund er utdanna sjukepleiarar.

 
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.