*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VANSKELEG KAMP MOT EBOLA: Sigbjørn Solli Ljung har vore tilsett i UNICEF i Liberia dei siste to åra. Han fortel at samlingsforbod gjer det vanskeleg å halde informasjonskurs om ebola, og at frykt for det drepande viruset gjer at mange ikkje får behandling – heller ikkje andre sjukdomar – fordi helsepersonell er redde for å verte smitta. (Foto: Privat)

Ebola råkar hardt

Ebola-viruset herjar i det alt sårbare vest-Afrika, og gjer utviklingsarbeid vanskeleg.

– Eg flykta ikkje frå noko som helst. Det er trist at eg måtte forlate eit land i krise, slår Sigbjørn Solli Ljung fast.

Han har vore tilsett som Child Protection Officer i eit av UNICEF sitt utviklingsprogram i Monrovia, Liberia. Den toårige arbeidsperioden fekk ein brå slutt på opphaldet i det vest-afrikanske landet.
– Eg skulle ha slutta 15. august, men måtte dra to veker før. Frykta for ebola gjer at det er vanskeleg å forlate Liberia, og eg var redd eg ikkje skulle kome ut, forklarar Solli Ljung alvorleg.

Når han vart hindra i å utføre jobben sin, starta han i staden med ebola-trening.
– UNICEF er dei som er best på informasjon. Eit av dei største problema med viruset er at folk ikkje er informerte, er feilinformerte eller ikkje trur på det dei høyrer. Nokon trur det er noko regjeringa har sett i gang, og andre trur det er ei straff frå gud, fortel Solli Ljung, som er sikker på at ein liknande situasjon i Noreg fort ville ha kome under kontroll.

Eit problem er at fleire prestar og imamar har fortalt truande at dei ikkje vert smitta så lenge dei er velsigna, eller at folk trur dei vert beskytta ved hjelp av «magiske» gjenstandar og amulettar.
– Eg starta med undervisning om sjukdomsførebygging, men på grunn av samlingsforbodet måtte me stoppe det óg, seier han trist.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.