– Me har snakka med vedkommande i dag, onsdag, og han har sagt at han vil ta imot eit eventuelt tilbod etter at kommunen formelt har fatta eit tilsettingsvedtak, opplyser personalsjef og fungerande rådmann, Ann-Helen Eik-Nes.
Intervjuutvalet i Sauda kommune har nå laga ei innstilling, der tilsettingsutvalet blir råda til å tilby stillingen til denne søkaren. Tilsettingsutvalet har møte 27. august.
Den aktuelle søkaren er saudabu, i begynnelsen av førtiåra og har, ifølge Eik-Nes, dei rette kvalifikasjonane for jobben som kommunalsjef teknisk.