*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TIL GABON: Ivar Øvrebø (til venstre) og Roger Birkeli er, saman med John Sverre Utter, på arbeidsoppdrag i Gabon i Afrika. Om kort tid reiser også Bjørn Ringstrand (i midten) sørover. I Gabon skal dei fire bidra i opplæringa av afrikanarane som skal jobba ved Eramet sitt splitter nye silicomanganverk i byen Moanda. (Foto: Ingvil Bakka)

Til Afrika for å jobba

Eramettilsette bidrar i etableringa av nytt smelteverk i Gabon.

– Nå har det blitt utsett så mange gonger at nå er familiane våre bare glade for at me endeleg reiser. Men kona blei ikkje så veldig fornøgd då eg sa at eg kanskje ikkje kjem heim til jul, innrømmer Ivar Øvrebø, driftsoperatør ved Eramet Sauda.

Sundag morgon sette Øvrebø og kollegaen hans, Roger Birkeli seg på eit fly på Sola. Etter mellomlandingar og flybyte i Amsterdam og i den gabonske hovudstaden Libreville landar dei i byen Franceville i dag, tysdag. Deretter må dei ta buss eller bil vidare til byen Moanda, der Eramet sitt splitter nye silicomangan-smelteverk ligg.

Eramet har lenge jobba med å få bygt eit smelteverk  i det vest-afrikanske landet Gabon, der dei hentar ut malm som dei dels bruker i eigen produksjon og dels sel på verdsmarknaden. Eit verk nær gruva gjer det lettare å få ta i bruk finstoffet ”malmfines”, som er vanskelegare å omsetta på marknaden.

– Etableringa av verket er gjort i nært samarbeid med styremaktene i landet. Med dette bidrar Eramet også til verdiskaping og arbeidsplassar i landet, forklarer Rune Dolmen, driftsleiar ved Eramet Sauda.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her