*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FLYTTAR TILBOD: Sauda kommune har alt kutta leksehjelptilbodet for 1. til 4. årstrinn og satsar meir på leksehjelptilbodet på ungdomsskulen. I morgon, onsdag, skal politikarane i formannskapet ta stilling til om dei er enige i dette eller om skulane igjen må innføra tilbodet på barnetrinnet. (Illustrasjonsfoto: Ingvil Bakka)

Kuttar leksehjelpa på barneskulen

Held fram med tilbodet til ungdomsskuleelevane.

– Det er heilt sikkert nokon som vil sakna leksehjelpa, men ordninga har rett og slett ikkje fungert slik me har ønska, seier Jakob Svandal, kommunalsjef oopvekst i Sauda kommune.

I 2010 blei det innført lovfesta tilbod om leksehjelp til 1. til 4. årstrinn i barneskulen. Frå og med august same år fekk Sauda kommune statlege midlar til å tilby alle elevane i småskulen åtte timar med leksehjelp kvar veke. Men, ei nasjonal evaluering av ordninga viser at kommunane har hatt problem med å få ordninga til å fungera. Blant anna har det tidvis vore få deltakarar, og dei yngste elevane har slitt med leksemotivasjonen etter skuledagen. I Sauda, der det også har vore liknande utfordringar, har det blitt gjort fleire forsøk på å endra på ordninga, utan at dette har ført til betre resultat.

På bakgrunn av evalueringa har leksehjelpforskrifta i opplæringslova blitt endra. Frå og med juni i år heiter det nå at kommunane skal tilby leksehjelp med åtte timar kvar veke til grunnskuleelevar. Kommunane kan med dette sjølv fritt fordela timane på dei ulike årstrinna. Sauda kommune har valt å tilby ungdomsskuleelevane 12 timar med leksehjelp kvar veke.

I morgon, onsdag, skal formannskapet diskutera saka. Kuttet er alt gjennomført, ettersom barneskuleelevane per i dag ikkje har tilbod om leksehjelp. Det er likevel politikarane som må bestemma om ressursane skal flyttast frå barneskulane til ungdomsskulen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her