*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYTT TILBOD: Jon Ove og Kjellfrid Mehus er ansvarlege for den nye trim-quisen i Saudasjøen Rundt. Laurdag håpar dei at mange stiller med energiske kroppar og skjerpa hjernar. (Foto: Ingvil Bakka)

Lokkar med trim-quiz

Saudasjøen Rundt med ny vri i år.

– Me tenkte me ville prøva noko nytt, og tilbyr nå folk å skjerpa hjernen medan dei går, seier Jan Ove Mehus i idrettslaget Ny Von.

Saman med kona Kjellfrid Mehus er han ansvarleg for trim-quizen under Saudasjøen Rundt komande laurdag. Ideen er henta frå Suldal og går ut på at deltakarane svarer på tjue spørsmål som er plassert langs vegen i den 5,3 kilometer lange løypa.

– Tanken er at spørsmåla skal vera litt utfordrande slik at ein ikkje bare kan ”googla” seg fram til svaret, fortel Jon Ove Mehus.

Kjellfrid Mehus fortel at trim-quizen er eit ekstra, frivillig tilbod til deltakarane i trimklassen i Saudasjøen Rundt.

– Det kostar ingenting ekstra å delta. Me startar dette som eit prøveprosjekt i år, så får me sjå om dette er noko me kan fortsetta med også til neste år, seier ho.

Det blir kåra ein vinnar eller eit vinnarlag i trim-quizen, basert på tal rette svar – og idealtid.

– Det er ikkje viktig å vera rask, men ein skal heller ikkje somla for mykje. Derfor har me valt å kjøra idealtid, forklarer Jon Ove Mehus.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her