– Lik løn for likt arbeid.
Det er slagordet når Grete Vik, Synnøve Sunde, Laila Ø. Herheim og Brit Tove R. Guggedal torsdag føremiddag tek på seg streikevestane. Dei fire er tilsette ved Øyra Bakeri, og fagorganisert i Handel og Kontor.
Etter å ha forhandla med arbeidsgivarorganisasjonen NHO og vore i mekling hos Riksmeklaren, tok Handel og Kontor dei første av sine medlemer ut i streik laurdag 30. august. I andre streikeuttak, onsdag, vart Øyra Bakeri omfatta av streiken.
Vik, Sunde, Herheim og Guggedal har litt blanda kjensler når dei stiller seg opp utanfor arbeidsstaden sin med streikevester og informasjonsmateriell.
– Veldig ubehageleg. Me har verdas kjekkaste arbeidsgivarar, det er ikkje der det ligg, presiserer Grete Vik.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.