Ein buss som skal vera eit rullande reklameskilt for ryfylkeregionen og ein rullande og ambulerande møteplass i og utanfor Ryfylke. Dette skal vera køyretyet som gjerne dukkar opp på Frukt- og Laksefestivalen, Ryfylkedagane, Saudadagane, Strandadagane, Tomatfestivalen, Sildajazzen, Blinkfestivalen og Gladmat, til dømes.
Slik skisserer Espen Thompson, styreleiar i Ryfylkealliansen, og Nils Moldøen, dagleg leiar i Ryfylke IKS, planane i søknaden som er gått til Ryfylkefondet om økonomisk støtte.
Thompson og Moldøen ser føre seg at Suldal Billag kjøper inn og eig bussen, mot at Ryfylkealliansen pliktar seg til å leiga køyretyet eit visst tal dagar i året. Dei totale kostnadane for Ryfylkealliansen i 2015 er rekna til til 250 000 kroner.