PÅ TUR: 10B ved Sauda ungdomsskule var i slutten av august på ein tre dagar lang fjelltur. (Foto: Jan Weiseth)

Til fjells i tre dagar

Elevane i klasse 10B har hatt skuledagar utanom det vanlege.

morgonstund), bading, kanopadling, kveldssamling rundt bålet med ein strålande klar stjernehimmel som tak og flytting av utedoen tilbake på rett stad.

Dette var nokre av opplevingane då 25 av elevane i klasse 10B ved Sauda ungdomsskule var på ein tre dagar lang fjelltur.

Sjølve turen starta ved kraftstasjonen på Dalvatn. Etter rundt rekna to timars fottur kunne ungdommane slå leir ved Nedre Fjellvatn. Nokon var meir vande med leirlivet enn andre.

Trivst i fjellet

Tre dagar i fjellet var slett ikkje noko Tone Bente Steine Tårland og Simen Hansen Lunde grudde seg til, fjellvande og friluftsglade som dei er.

– Eg har vore på Skaulen før, men det var så lenge sidan at eg hugsar lite frå den turen. No brukte me vel til saman sju timar, med pausar, fortel Tårland.

Lunde er glad for at turen kom i stand, etter at planane om å dra til Kringletjørn då dei gjekk i åtande klasse ikkje vart noko av.

Andre av ungdommane la ruta til Dokkavatnet i staden for Skaulen. Lunde var mellom dei, glad i å fiska som han er.

morgonstund), bading, kanopadling, kveldssamling rundt bålet med ein strålande klar stjernehimmel som tak og flytting av utedoen tilbake på rett stad.

Dette var nokre av opplevingane då 25 av elevane i klasse 10B ved Sauda ungdomsskule var på ein tre dagar lang fjelltur.

Sjølve turen starta ved kraftstasjonen på Dalvatn. Etter rundt rekna to timars fottur kunne ungdommane slå leir ved Nedre Fjellvatn. Nokon var meir vande med leirlivet enn andre.

Tre dagar i fjellet var slett ikkje noko Tone Bente Steine Tårland og Simen Hansen Lunde grudde seg til, fjellvande og friluftsglade som dei er.

– Eg har vore på Skaulen før, men det var så lenge sidan at eg hugsar lite frå den turen. No brukte me vel til saman sju timar, med pausar, fortel Tårland.

Les meir i papirutgågåva eller last ned eavis her