*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NEI: Aps Laura Seltveit (til venstre) og SVs Klara Tveit har takka nei til å stilla på vallistene under fylkestingvalet hausten 2015. (Foto: Ingvil Bakka)

Utskiftingar i fylkespolitikken

Verken Klara Tveit eller Laura Seltveit ser føre seg ei vidare karriere i fylkespolitikken. Ivar Tangeraas tar gjerne fatt på ein ny periode.

– Eg ser meg sjølv som ferdig med fylkespolitikken etter 16 år. Men det er 16 år eg ikkje ville vore forutan, seier Klara Tveit frå Sosialistisk Venstreparti.

Klara Tveit blei aktiv fylkespolitikar etter valet i 1999. I løpet av dei 15 åra som er gått sidan den tid har ho vore medlem i fylkestinget, i fylkesutvalet, i samferdselsutvalet og i administrasjon og lønsutvalet – og i diverse arbeidsgrupper og planutval.

Heller ikkje Arbeidarpartiets tidlegare saudaordførar og nåverande varaordførar, Laura Seltveit, er lysten på å fortsetta i fylkespolitikken.

– Om ein ser fire år tilbake har tida gått fort, men fire år til er likevel ganske lenge. Eg er glad for det me har fått til med blant anna sakene knytt til vidaregåande skule og omstillingsstatusen til Sauda. Men det er ei tid for alt. Det er viktig med ei blanding av erfarne og nye krefter, og nå vil eg sleppa nye til, seier Seltveit.

Ivar Tangeraas, derimot, har sagt ja til å stilla til gjenval for Høgre under fylkesvalet neste år. Han presiserer at hans ja til nominasjonskomiteen i dag ikkje automatisk sikrar han plass på den endelege lista som blir vedtatt i november.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her