HER: Ein saudamann i trettiåra skubba vennina på sjøen, få minutt før hurtigbåten la til kai. (Foto: Ingvil Bakka)
HER: Ein saudamann i trettiåra skubba vennina på sjøen, få minutt før hurtigbåten la til kai. (Foto: Ingvil Bakka)

Kvinne skubba på sjøen

Måtte bergast av tilfeldige saudabuar på kaien.

Hendinga skjedde ved hurtigbåtkaien rundt klokka 18.45 i dag, fredag.

Ein saudamann i slutten av trettiåra og ei kvinne skal opphalde seg nær hamnebygget og krangla høglytt då han skal ha begynt å dra henne mot kaikanten. Etterkvar skubba han henne på sjøen, rett framfor sjokkerte saudabuar som venta på ankomsten til hurtigbåten frå Stavanger.

Fleire saudabuar kom til og fekk ved hjelp av ei redningbøye berga kvinna på land igjen. Mannen som skubba skal også ha hoppa ut i vatnet.

Ambulansen kom etterkvart til staden og tok med seg kvinna, som truleg ikkje blei fysisk skadd etter den ufrivillige dukkerten. Mannen forsvann sjølv frå staden.

Saudamannen som skubba er ein kjenning av politiet og har fleire valdsdommar på seg.