– Veldig stort. Ho er ei av få kvinner som har løfta over 700 kilo samanlagt. Dette var full klaff. Ho løfta fantastisk i knebøy, og følgte opp med gode løft i både benkpress og markløft, fortel sambuaren til styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal, Loyd Georg Færøvik.
Juvet Hugdal har i dag, fredag, deltatt i styrkeløftkonkurransen Western European Cup i Torino i Italia. 30-åringen sette ny personleg rekord då ho greidde 280 kilo i knebøy.
I hennar spesialgrein, benkpress, opna ho først med 215 kilo, før ho også fekk godkjent andreløftet sitt på 220 kilo – ei tangering av verdsrekorden ho sette under The Arnold Sport Festival i USA i mars i år. Forsøket på å setta ny verdsrekord med eit løft på 226 kilo, blei derimot ikkje godkjent av dommarane.
– Ikkje overraskande. Ho har slitt med ei vond skulder. 220 kilo er veldig bra, seier sambuer Færøyvik.
I markløftkonkurransen opna saudajenta med eit godkjent løft på 190 kilo. Også andreløftet opå 200 kilo blei godkjent. Alt då var persen samanlagt i boks med 700 kilo blank.
Men Hildeborg Juvet klinka til og løfta 205 kilo i sisteløftet i markløft. Dermed blei samanlagtkiloane heile 705 kilo. Persen hennar var før på 685 kilo.
Juvet Hugdal vann med dette sjølvsagt gull i årets Western European Cup.
Les meir i papirutgåva tysdag.