– Dei skal vera grøne heile vinteren. Tanken er at dei skal breia seg litt utover, så må me passa på å beskjera dei i høgda, seier Lars Tveitane frå teknisk eining i Sauda kommune.
Han fortel vidare at beda elles skal dekkast med duk og fyllast med bark, for vonleg å unngå for mykje ugras. Kommunearbeidaren synest elles det er kjekt å sjå at folk tar den nye Rådhusplassen i bruk.
– Det er blitt ein ny samlingsplass i sentrum. Spesielt kjekt er det å sjå at ungdommane synest å kosa seg her. Og dei fortener skryt for at dei ikkje rotar og herjer, seier Tveitane.