*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HÅPAR PÅ STORINNRYKK: Eline Herheim (frå venstre), Bente Rasmussen, Aud Hege Jørgensen Hebnes og Solfrid Seim Nilsen i arrangementsgruppa i Sauda Sentrumsutvikling er spente på korleis «Bønder i by´n» blir mottatt. Shetlandsponnien Cindy, elleve månader gamle Aurora, varmblodstravaren Long Lin, fire år gamle Andrine og «storbonde» Stig Jørgensen er meir enn klare til sentrumsarrangementet kommande helg. (Foto: Lina Merethe Lie)

Bøndene tar over sentrumsgatene

Laurdag blir Rådhuset omringa av dyr.

– Dette er ei ny storsatsing og eit viktig bidrag til målet om å skape aktivitet i sentrum gjennom heile året, seier Solfrid Seim Nilsen, som saman med Eline Herheim, Bente Rasmussen og Aud Hege Jørgensen Hebnes utgjer arrangementsgruppa i Sauda Sentrumsutvikling.

Kommande laurdag blir haustarrangementet «Bønder i by´n» avvikla for første gong.

– Sentrum blir denne dagen ein marknad der både to- og firbeinte kan delta. Omlag 20 utstillarar skal vise fram kva dei har å by på denne dagen, fortel Seim Nilsen.

Utstillarane har mellom anna med seg ulike typar kortreist mat som økologiske grønsaker og spekemat, saft og syltetøy, antikvitetar og husflid.

Hovudattraksjonen for mange vil mest sannsynleg vere tv-kokken Daniel Rougé Madsen, som har gjort suksess med det Tv2-sendte programmet «Helt vilt».

– Det er heilt rått at vi har klart å få tak i Norges største kjendis-kokk om dagen. Eg trur ikkje ein bør gå glipp av dette showet, lokkar Seim Nilsen.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.