Regn gir trafikktrøbbel

Politiet melder på twitter no sundag kveld at det er redusert framkome på fylksveg 520 ved Svandalsfossen. Vegen kan verta stengt på kort varsel.

Kraftig  regn gir stor vassføring i Svandalsfossen, noko som igjen gjer at vasspruten står over fylkesvegen og reduserer sikta kraftig for bilistane som skal køyra gjennom vassføyka.