*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KNUST RUTE: Ei knust terassedør, opne skuffer og skap – og ein open fryseboks var synet som møtte familien Jørgensen i Austarheimsvegen då dei kom heim frå hytta søndag føremiddag. (Foto: Steinar Jørgensen)

Innbrotstjuvar på ferde

Då familien kom heim frå hytta hadde nokon tatt seg inn i huset, rota rundt og stole pengar og eit smykke.

– Veldig ekkelt. Den følelsen av at det har vore nokon inne i huset vårt og gått gjennom alle tinga våre er ikkje god, seier Siv Jørgensen.

Då ho og familien kom heim frå hytta sundag føremiddag oppdaga dei fort at uvedkommande hadde tatt seg inn i huset deira i Austarheimsvegen. Ein 20-30 kilo tung stein var brukt til å knusa ruta i kjellardøra i huset. Inne i huset stod alle skuffer og skåp opne.

– Huset var ikkje rasert. Det verka som om dei har hatt god tid og har leita etter noko spesielt, seier Jørgensen.

Tjuvane har ikkje brydd seg om mange godt synlege verdigjenstandar, som for eksempel fleire pcar, klokker, tv og stereoanlegg. Heller ikkje familien sine bunader – med tilhøyrande sølv, har vore interessante for innbrotstjuvane. Dei einaste som er borte er eit smykke som 15-åringen i familien fekk til konfirmasjonen sin i mai og pengar frå lommeboka til far i huset.

– Det dreier seg om nokre hundrelappar, kanskje opptil tusen kroner. Men lommeboka låg igjen, med alle korta inni, fortel Jørgensen.

Kjeltringane hadde også opna fryseskåpet til familien og latt døra stå open. Dermed blei all maten i skåpet øydelagt.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her