Får sju millionar

Pengar til psykiatri.

Sauda kommune får sju millionar kroner i skjønsmidlar for 2015 frå Fylkemannen i Rogaland. Ein million kroner av desse pengane er øyremerka tiltak innan rus/psykiatri.

Pengane fylkesmennene får til fordeling kjem frå kommunal- og moderniseringsdepartementet. Retningslinjene frå departementet seier at fylkemennene ved fordelinga skal ta omsyn til utgiftskrevande forhold som kommunane ikkje kan påverka sjølv. Det kan vera forhold av uføresett, midlertidig eller meir langvarig karakter.

Fylkesmannen i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa, melder at ho for 2015 har fått 67,6 millionar kroner i skjønsmidlar til fordeling blant kommunane. Dette er 14 prosent lågare inn i år, då den tilsvarande summen var 76,9 millionar kroner.