Regnet og dei store nedbørsmengdene gjer det naudsynt med manuell dirigering av trafikken ved Svandalsfossen. Bildet er frå ein regntung dag tidlegare. Arkivfoto.
Regnet og dei store nedbørsmengdene gjer det naudsynt med manuell dirigering av trafikken ved Svandalsfossen. Bildet er frå ein regntung dag tidlegare. Arkivfoto.

Tek foss-sikring opp med vegvesenet

Ordføraren ser på måtar å sikra trafikken forbi Svandalsfossen på.

Tysdag 25. november skal ordførar Frode Sulen i eit tidlegare avtala møte med Statens vegvesen. Etter tysdagens stenging av fylkesvegen forbi Svandalsfossen vil han i dette møtet diskutera med vegvesenet kva som kan gjerast av sikringstiltak for å unngå at vassføyka frå fossen skaper problem for trafikken, eller i ekstreme tilfelle som tysdag gjer at vegen ut av bygda vestover må stengast.

– Dette er eit høgaktuelt tema å ta opp med vegvesenet, presiserer Sulen.

Han seier at sjølv om det ikkje er så ofte at vegen forbi fossen må stengast, skjer det at vassføyka er så sterk at bilistar kvir seg før å køyra gjennom.

– Tidlegare har tanken om å bygga ein slags glasvegg med glas frå fabrikken i Saudasjøen vore sett fram?

– Det går fint an å spørra vegvesenet om det er mogleg, det må eventuelt ingeniørar og arkitektar sjå nærare på. Det er jo veldige krefter i eit vassråk som den me opplevde tysdag. Men det hadde vore spektakulært å kunna stått bak glas og sett på den enorme fossen, svarar han.

Les meir i papiurutgåva eller last ned eavis her