*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
STORHOGST: I Honganvik har Søndenaa skogsdrift tatt ut 3 000 kubikkmeter tømmer i haust. (Foto: Ingvil Bakka)

Tømmer-Sauda mot nye rekordar

Sjeldan har det blitt hogge meir skog enn nå.

– Trea mine blei planta på slutten av 1940-talet, og var nå blitt så gamle og store at eg måtte ta dei før det blei umuleg for skogsmaskinane å jobba med dei, forklarer Olav Honganvik.

I haust har Søndenaa Skogsdrift jobba med å få tatt ut heile 3 000 kubikkmeter med tømmer frå det store plantefeltet i Honganvik. Grunneigar Olav Honganvik fortel at alderen på trea og det at skogen var stor og mørk og skjerma for utsikta var hovudgrunnane til at han sette i gang med avvirkinga. At prisen på tømmer er vesentleg høgare i dag enn for nokre år sidan er av mindre betydning.

– Men eg håpar at eg får nokre kroner for dette. Eg har, i tillegg til å leiga inn arbeidskraft, hatt utgifter knytt til vegbygging. Men det viktigaste er at eg ikkje går i minus, seier 89-åringen.

Han er ikkje i tvil om at han ville gått i tap om han hadde tatt ut skogen sin for ti år sidan. Då ville trea vore for små, og prisane var då betydeleg lågare enn i dag.

– Nå var det ei gunstig tid på alle måtar. Trea må bli 50-60 år gamle for at det skal løna seg økonomisk, forklarer han.

Totalt er det hogge rundt 6 000 kubikkmeter med tømmer i Honganvik i år

For to år sidan, i 2012, blei det tatt ut 1 061 kubikkmeter med tømmer i Sauda. Året etter var talet auka til 6 862 kubikkmeter. I år kan talet fort bli tredobla.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her