MÅ KUTTA: Rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul, meiner tolv kommunale stillingar må bort i løpet av 2015. (Foto: Ingvil Bakka)
MÅ KUTTA: Rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul, meiner tolv kommunale stillingar må bort i løpet av 2015. (Foto: Ingvil Bakka)

Vil auka eigedomsskatten

Rådmann Wictor Juul fredar Risvoll skule, men aukar heller eigedomsskatten.

– Eit veldig stramt budsjett. Men eg har tru på at dette skal gå bra, sa rådmann Wictor Juul då han i kveld, onsdag, presenterte sitt budsjettforslag for 2015.

Rådmannen føreslår i sitt 2015-budsjett å behalda dagens skulestruktur. Tidlegare i haust har Juul signalisert at Sauda må slanka utgiftsnivået, og mange har peika på at Risvoll skule kunne bli ramma i den kommunale slankeprosessen. Å legga ned barneskulen i Saudasjøen er ikkje eit forslag i rådmannen sitt budsjett.

I 2012 blei det gjennomført retaksering av alle eigedommar i Sauda. Mange privatpersonar reagerte då dette medførte ein kraftig auke i eigedomsskattebetalinga. Politikarane valde derfor å redusera prosentsatsen på eigedomsskatten med to promille.

Nå meiner rådmannen at eigedomsskatten må aukast igjen. Han ser føre seg ein auke på 1 promille, noko som vil gi kommunen ein inntektsauke på 2,8 millionar kroner.

For ta ned driftsnivået ytterlegare meiner rådmann Wictor Juul at det derfor blir nødvendig å kutta tolv kommunale stillingar i 2015. 7,6 av desse årsverka skal hentast frå helse- og omsorgs-tenesta, fire frå oppvekst og kultur og ein frå teknisk.

– Målet er å få dette til gjennom naturlege avgangar, seier Juul.

Rådmannen vil blant anna elles kutta ut ungdomskafeen, kutta all overtid hos oppvekst og kultur, redusera støttekontakttilbodet og redusera vedlikehaldet hos teknisk.

Han føreslår også å auka offentlege avgifter i Sauda med 10 prosent.

Budsjettforslaget til rådmannen har eit netto driftsresultat på 2,3 prosent.

Rådmannen legg opp til ein svak gjeldsauke neste år.

I budsjettforslaget har ikkje Sauda-rådmannen funne rom for midlar til Folkets Hus.

Les meir om budsjettet i papirutgåva fredag