*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
I USA: 11 norske styrkeløftarar representerer Norge under verdsmeisterskapet i Aurora i Colorado i USA denne veka. Saudas Hildeborg Juvet Hugdal skal i elden i natt, amerikansk tid. Biletet er frå Western European Cup i september. (Foto: Bo Bergan, Norsk styrkeløftforbund)

Hildeborg løftar i natt

VM i styrkeløft i Aurora i USA er i gang.

– Eg skal gjera mitt beste, men eg har ikkje den same gode følelsen som før Western European Cup. Det har gått frykteleg trått i det siste, men eg får gjera det eg kan, seier Hildeborg Juvet Hugdal i Facebook-kommunikasjon med Ryfylke måndag denne veka.

VM i styrkeløft starta måndag i denne veka, og grytidleg tysdag morgon reiste Juvet Hugdal til byen Aurora i Colorado i USA. Først 19-20 timar seinare var ho på plass i VM-byen. Då var det ettermiddag, amerikansk tid.

– 20 timars reise og det å snu døgnet på kort tid – og at byen Aurora ligg 1 600 meter over havet – gjer ikkje saka spesielt mykje lettare. Men, men, det er ein del av gamet det også, sa Hildeborg før avreisa.

Hildeborg Juvet Hugdal, som løftar i +84-kilosklassen, skal i elden i 02.30-tida, norsk tid, natt til laurdag. Nyleg sette ho ny personleg rekord, ny norsk rekord og ny vesteuropeisk rekord då ho i september løfta 705 kilo samanlagt i Western European Cup.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.