Lagmannsretten aviste anka

Saudamannen som i Haugaland tingrett blei dømt til åtte månaders fengsel for å ha sett fyr på eit vedhus langs Maldalsvegen fekk ikkje medhald i ankesaka.

I anken som blei oversendt Gulating lagmannsrett for litt over ein månad sidan peika den dømte saudamannen sin advokat, Linda Ellefsen Eide, på at bevisbedømminga under skuldspørsmålet, saksbehandlinga og straffeutmålinga i saka var feil.

Dommarane som har behandla anka, kan ikkje sjå at det er gjort saksbehandlingsfeil i tingretten og meiner at det korkje er konstruert eller spekulert i motiv og bevis under rettsforhandlingane. Dei seier seg i staden einig med Haugaland tingrett som meinte at den dømde saudamannen si forklaring framstod som søkt og oppkonstruert og av reint hypotetisk karakter.

I Haugaland tingrett blei mannen, som er i slutten av 30-åra, dømt til åtte månaders fengsel.

Etter det Ryfylke kjenner til er advokat Linda Ellefsen Eide og hennar klient svært kritiske til at Gulating lagmannsrett nå har valt å forkasta anken. Dei arbeider for tida med å finna ei løysing på kva dei skal gjera vidare i saka, men kva dei til slutt bestemmer seg for er framleis uklart.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.