*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FØRESLÅR KUTT: Rådmann Wictor Juul presenterte onsdag sitt budsjettforslag for 2015. Fleire kutt i tenester og stillingar og auka avgifter på kommunale tenestetilbod gir han eit budsjettforslag med eit netto driftsresultat på 2,3 prosent. (Foto: Ingvil Bakka)

Vil auka eigedomsskatten og kommunale avgifter

Rådmann Wictor Juul presenterer eit stramt 2015-budsjettforslag.

– Eit veldig stramt budsjett. Men eg har tru på at dette skal gå bra, sa rådmann Wictor Juul då han onsdag kveld presenterte sitt budsjettforslag for 2015.

Rådmannen føreslår i sitt 2015-budsjett å behalda dagens skulestruktur. Tidlegare i haust har Juul signalisert at Sauda må slanka utgiftsnivået, og mange har peika på at Risvoll skule kunne bli ramma i den kommunale slankeprosessen. Å legga ned Risvoll skule er likevel ikkje eit tema i rådmannen sitt budsjettforslag. Han trur ei nedlegging av barneskulen i Saudasjøen ville skapt store plass-utfordringar.

– Det blir feil å ta ei nedlegging inn i budsjettet viss ikkje forholda ligg til rette for å få dette til, meiner han.

Rådmannen ser og føre seg ei auke i eigedomsskatten. Auken som er føreslått ligg på éin promille, noko som vil gi kommunen ein inntektsauke på 2,8 millionar kroner. For ta ned driftsnivået ytterlegare meiner rådmann Wictor Juul at det derfor blir nødvendig å kutta tolv kommunale stillingar i 2015. 7,6 av desse årsverka skal hentast frå helse og omsorgs-tenesta, fire frå oppvekst og kultur og ein frå teknisk.

Budsjettforslaget inneheld også eit forslag om å legga ned ungdomskafeen. Rådmannen har heller ikkje løyva pengar til opprustinga av Folkets Hus.

– Eg har ikkje lagt inn pengar til Folkets Hus i 2015-budsjettet. Men eg har det med i økonomiplanen for 2016, seier rådmann Wictor Juul.

Les meir om budsjettforslaget i papirutgåva eller last ned e-avis her.