First Lego Adrian Oddane *** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VANN GJEV PRIS: Adrian Oddane og dei 19 andre sjuandeklassingane frå Fløgstad skule vann den viktige Samarbeidsprisen under kunnskapskonkurransen First Lego League i Haugesund i dag, laurdag. (Foto: Arvid Horpestad)

Best på samarbeid

Sjuandeklassingane frå Fløgstad skule vann samarbeidsprisen i First Lego League.

– Me er stolte, men litt skuffa at me ikkje vann profileringsprisen. Me la ned eit stort arbeid og har vore på både distriktsnyhetene og på NRK Super. Men me fekk ros for å gjera det godt i alle kategoriar og leverte eit samla svært godt arbeid. Derfor fekk me Samarbeidsprisen, seier Elisabeth Bergsbakk, kontaktlærar for sjuandeklassingane.

Dei tjue elevane i sjuandeklasse ved barneskulen i Åbøbyen markerte seg i alle kategoriar under den regionale kunnskapskonkurransen First Lego League i Haugesund i dag, laurdag.

Fløgstad skule hamna på tredjeplass i robot-konkurransen og var blant ”topp 3” i både forskings- og profileringskonkurransen.

Elevane ved Sauda-skulen hadde forska på følgande problemstilling: Korleis lærer me betre?

Les meir i tysdagsavisa.