– Skal me ha påbygget ved Austarheim skule klart til skulestart hausten 2015 er me avhengig av å komma i gang med bygginga på nyåret. Då hastar det med eit vedtak. Helst i løpet av året, sa kommunalsjef teknisk, Egil Aarebrot, då han onsdag informerte formannskapet om statusen etter oppfordring frå Høgres Ivar Tangeraas.
Utbygginga av Austarheim skule var tidlegare i år gjenstand for heftige politiske debattar. Medan Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre stemte for ei utbygging, var Høgre og Framstegspartiet sine til saman fem representantar skeptiske til å løysa plassutfordringane med å bygga på Austarheim skule. Rådmannen og hans stab hadde på det tidspunktet antyda at ei utbygging av barneskulen ville kunna komma til å kosta rundt fem millionar kroner. Då kommunestyret vedtok utbygginga i april, var målsettinga å ha bygget klart til etter haustferien i år.
I formannskapet sitt møte onsdag i sist veke fekk politikarane nye framdriftsplanar og nye tal på bordet. Det planlagte påbygget, som først var tiltenkt som eit frittståande nybygg, er nå kostnadsrekna til ni-ti millionar kroner. Rådmannen håpar at det går an å få talet noko ned og har førebels sett av åtte millionar kroner til påbygget i sitt nyleg framlagte budsjettforslag for 2015. Ifølge kommunalsjef Egil Aarebrot vil meir nøyaktige tal komma på plass i løpet av kort tid.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her