*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FULLT: Barnehagane i Sauda er fulle. Foreldre som søker om plass etter hovudopptaket hamnar på venteliste. Av 13 søkarar har fire fått plass. Ni barn står per i dag utan tilbod om barnehageplass når foreldra sine permisjonar er over ein gong i løpet av første halvår 2015. Biletet viser Veslefrikk barnehage i Åbøbyen. (Arkivfoto)

Fulle barnehagar skaper problem – igjen

Sauda kommune har ikkje funne plass til ni barn i inneverande barnehageår.

– Eg kan ikkje lova at me klarer å oppfylla fire månders-garantien for dei som ønsker barnehageplass tidlig i 2015, seier Jakob Svandal, kommunalsjef oppvekst og kultur i Sauda kommune.

Dette betyr at kommunestyret sitt ønske om at alle barn i Sauda skal få barnehageplass seinast innan fire månader etter omsøkt oppstartsdato ikkje går etter planen våren 2015.

I februar i år stod elleve barn utan barnehageplass. Foreldra til åtte av barna valde då å finna eigne løysingar og heller venta på å få plass i hovudopptaket i august. Politikarane løyva etterkvart 180 000 kroner til å få på plass ei assistentstilling. Dette gjorde det muleg å ta inn dei tre barna som då framleis hadde behov for barnehageplass i dei fire månadene fram mot hovudopptaket i august. Dei tre barna fekk plass i Leabøen barnehage i Saudasjøen.

Etter hovudopptaket i august har Sauda kommune mottatt 13 søknader frå foreldre som ønsker barnehageplass til sitt barn ein eller annan gong i løpet av inneverande barnehageår, altså i haust og i første halvdel av 2015. Det er funne plass til fire av desse, men framleis står ni barn står på venteliste.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her