*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VINNAR KLASSE B: Det lokale laget ”Derp” vann klasse B etter å ha slått ”Målmaskineriet” heile 4-2 i finalen. Bak frå venstre: Jørgen Knutsen, Mathias Madsen, Tone Bente Steine Tårland, Mahad Jamal Ibrahim og Eivind Halsnes. Framme, frå venstre: Brynjar Listøl, Ingvild Larsen og Mario Johnsen Noriega. (Foto: Ingvil Bakka)

Stor vinnarglede i Salems-Cupen

Blide og fornøgde deltakarar frå både inn- og utland og publikumsrekord gjorde den 24. fotballcupen til ein suksess.

– Nok ei kjekk oppleving og me får mange gode tilbakemeldingar. Det varmar, seier Salems-Cupen-general, Roy Nordhagen.

Dei siste åra har Salems-Cupen hatt ein stad mellom 460 og 495 personar innom hallen under turneringa. I år passerte talet for første gong 500. Totalt er det registrert 575 publikumarar og spelarar i hallen frå cupen starta tidleg laurdag ettermiddag til avsluttinga 13 timar seinare, i 02.00-tida natt til sundag.

Spesielt spent var Nordhagen på nysatsinga Sauda Challenge, der pinsemenigheten Salem, i tett samarbeid med den norske verdsmeistaren i fotballtriksing, Anders ”Azun” Solum, fekk inn heile elleve av verdas beste fotballtriksarar til Saudahallen og Salems-Cupen.

– Eg har aldri fødd nokon, men eg kan nesten tenka meg at dette må følast slik. Det kjennes deilig at det gjekk så bra, seier sjubarns-faren entusiastisk etter å ha landa etter den travle helga måndag morgon.

18 lag var påmeldt i fotballturneringa, der alle laga må ha minst to jenter – eller minst to gutar – på banen til ei kvar tid. I den yngste klassen var det det lokale laget ”Derp” som vann etter å ha slått det sterke laget ”Målmaskineriet”, også dei frå Sauda, heile 4-2. Finalen i klasse B blei hakket meir spennande og det stod 1-1 etter at begge omgangane var spelt. Dermed var det klart for ”sudden death”, der laga tar ut ein og ein spelar til det står igjen bare to spelarar på kvart lag. Det lokale laget ”Smågodt”, med blant andre Jone Hustveit og Eirik Baustø, måtte til slutt sjå seg slått av det utanbygds laget ”Muppets”.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her