– Me hadde tenkt å laga ein femten minutt lang dokumentarfilm. Då me blei førespegla ein musikkvideo på to og eit halv minutt trudde me det var ein spøk, innrømmer Paul Åbø, avdelingsleiar for transportfag ved Sauda vidaregåande skule.
Musikkvideoen ”Stor bil – Sauda VGS” blei for halvanna veke sidan lasta opp på nettstaden Youtube. Førebels har det ikkje tatt heilt av ennå, men i går, måndag, hadde filmen 2 273 treff. ”Vi skal lære deg å kjøre stor bil – tungtransport!” heiter det i refrenget i den fengande låten der både lærarar og elevar opptrer som skodespelarar og koristar.
– Me synest all marknadsføring er bra. Alt må ikkje nødvendigvis vera av kjempehøg kvalitet, seier Åbø.
Sjå musikkvideoen øverst i saka.
Les meir i tysdagavisa, som kan du kan lasta ned her frå og med midnatt