VAR SOLIDARISKE: Politikarane valde å bare auka si eiga godtgjersle med 150 kroner, ikkje 400 kroner slik rådmannen har føreslått.(Foto: Ingvil Bakka)
VAR SOLIDARISKE: Politikarane valde å bare auka si eiga godtgjersle med 150 kroner, ikkje 400 kroner slik rådmannen har føreslått.(Foto: Ingvil Bakka)

Reduserte auken i eigne godtgjersler

Politikarane vil vera solidariske i desse tronge kutt-tidene.

– Viktig å vera solidariske. I ein dugnad tar me felles ansvar, sa Høgres Knut Atle Seim under debatten i kommunestyret onsdag.

I dag får politikarane 600 kroner i godtgjersla for deltaking i politiske møte. Rådmann Wictor Juul har nyleg lagt fram forslag om visse endringar i reglement og retningslinjer for dei folkevalde – endringar som skal gjelda for neste valperiode. I forslaget frå rådmannen blir godtgjersla auka til 1 000 kroner per møte. Hallgeir Amdal la fram eit fellesforslag frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet om å redusera godtgjersla til 750 kroner per møte for politikarane. Dette blei vedtatt.

Rådmannen sitt forslag om å legga politiske møte til kveldstid fall heller ikkje i god jord hos dei folkevalde. Eit einstemmig kommunestyre vedtok fellesforslaget frå Arbeidarpartiets Hallgeir Amdal om å fortsetta å ha møta på dagtid.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her