HER SKJEDDE DET: Rune Årthun var ein del av arbeidsteamet frå Brødr. Selvik as som jobba med å bygga ein tre-fire meter høg støttemur på Ropeidvegen. (Foto: Ingvil Bakka)
HER SKJEDDE DET: Rune Årthun var ein del av arbeidsteamet frå Brødr. Selvik as som jobba med å bygga ein tre-fire meter høg støttemur på Ropeidvegen. (Foto: Ingvil Bakka)

I koma etter arbeidsulukke

Rune Årthun, som blei skadd i arbeidslukka på Ropeidvegen fredag føremiddag, er meir alvorleg kvesta enn først antatt.

– Tilstaden hans er nå litt meir stabil og litt mindre kritisk. Men det er framleis veldig alvorleg. Det finst ingen garantiar, kunne Leif Inge Løland, dagleg leiar ved Brødr. Selvik as, opplysa i dag, måndag ettermiddag.

42 år gamle Rune Årthun blei skadd i eit arbeidsuhell på Ropeidvegen fredag føremiddag. Arbeidet skjedde i samband med eit vegutbetringsarbeid som Brødr. Selvik as utfører på oppdrag for Statens vegvesen.

Den første legeundersøkinga av 42-åringen skal ha antyda at skadene ikkje var så alvorlege. Han var då bevisst og hadde synlege skader i hovudet, men klemskadene hans skal altså ha vore langt verre enn først antatt. Ifølge Løland, som har vore i kontakt med familien til den skadde, skal Årthun ha vore vaken etter ankomsten til Stavanger, men blir nå halde i kunstig koma.

Familien til Rune Årthun har godkjent at Ryfylke offentleggjer namnet hans.