Eramet Norway søker om løyve til å nytta deponiet på Kviå, felt B1, fram til 30. september 2016. Dette er det miljødepartementet som skal avgjera. Før avgjerda vert fatta vil departementet høyra kva Sauda kommune, Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune meiner om saka. Dei tre partane har fått tre veker på seg til å koma med sine uttalar.
Eramet Norway har løyve til å driva det omtala feltet på Kviå ut inneverande år. Grunnane til at konsernet søker om forlenging er fleire, mellom anna bygger Eramet eit nytt deponi i Kvinesdal og planlegg eit nytt på Kviå.