– Eg trur nok dette er tilfeldig, seier Tore Johan Prestegård.
Prestegård er vara for Framstegspartiet sitt fast møtande kommunestyremedlem Jan Birger Eide. Ryfylke har prøvt å komma i kontakt med Eide, som for tida oppheld seg i Spania, men han har svart på spørsmåla frå avisa. Eide har ikkje meldt forfall til det viktige budsjettmøtet til kommunestyret 17. desember.
Blant sakene kommunestyret har behandla utan Framstegspartiet til stades er utbygginga ved Austarheim skule, plan for helsemessig og sosial beredskap, val av nye representantar til ungdomsrådet, arbeidsgivarstrategi, fleire fritakssaker og serveringsløyve. Då kommunestyret skulle ha møte 19. november meldte Framstegspartiets Jan Birger Eide forfall ettersom han oppheldt seg i Spania. Første vararepresentant, Tore Johan Prestegård, var sjuk, medan tredje vara på framstegspartilista, Yvonne Olsen, ikkje kunne møta ettersom ho var på jobb natt til møteonsdagen.
Nummer fire på varalista til Framstegspartiet er Wenke Risvold. Ho skal ha opplyst til kommunen at ho har meldt seg ut av partiet og at ho derfor ikkje ønska å stilla i kommunestyremøtet. Ei utmelding fritar uansett ikkje ein politisk vald representant, og Risvold skulle såleis ha møtt som uavhengig. Ho valde likevel ikkje å møta. Til Ryfylke fortel Risvold at ho meldte seg ut av partiet for eitt år sidan og at ho lenge ikkje har vore klar over at ho nå kan møta som uavhengig.
Les meir i papirugåva eller last ned eavis her