Små teikn til betring

Var vaken ei stund onsdag.

Brødr. Selvik-tilsette Rune Årthun, som blei alvorleg skadd i eit arbeidsuhell på Ropeidvegen sist fredag, ligg framleis hardt skadd på sjukehuset i Stavanger. Dagleg leiar i entreprenørfirmaet, Leif Inge Løland, har vore i kontakt med familien til Årthun. I dag, torsdag, kunne Løland fortella at 42-åringen, som i fleire dagar har lege i kunstig koma, var vaken ei stund onsdag.

– Eg har forstått det slik at det er teikn på at det går i forventa rett retning. Men framleis er det uvisse knytt til mulege komplikasjonar, seier Løland.