*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FAKTISK EINIGE: Wenche Hoftun (Ap) og Ivar Tangeraas (H) er ikkje alltid einige. Onsdag var dei heilt på nett når det gjeld ordlyden i samarbeidsavtalen knytt til kompetanseeininga. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Godtar ikkje samarbeidsavtalen

Saudapolitikarane krev endring av eit par ord.

– Eg er medlem i ”skeptikarforeininga”. I avtalen står det ”kan endrast”. Eg vil gjerne at det heller står ”kan aukast”, sa Høgres Ivar Tangeraas då formannskapet onsdag diskuterte samarbeidsavtalen om interkommunalt kompetansesenter.

2,8 årsverk er tiltenkt den nye kompetanseeininga. I dette ligg eitt årsverk til kreftkoordinator, eitt årsverk til kompetansekoordinator og 0,8 årsverk til miljøretta helsevern. I avtalen heiter det at ”Det er i utgangspunktet knytta 2,8 årsverk til eininga, noko som kan endrast i tråd med behov og ekstern ressurstilgang”. Tangeraas meiner dette opnar for tolking og han fryktar at ordet ”endrast” kan føra til at eininga i verste fall kan mista ressursar i framtida.

– Eg meiner me bør reforhandla avtalen. Me bør forventa at dei andre kommunane har forpliktingar til oss, og me må ikkje gå med på ein avtale som gir rom for tolkingar, sa Tangeraas.

Han fekk støtte frå Arbeidarpartiets Wenche Hoftun. Ho la fram forslag om at setningen blir endra til ”Det er minimum 2,8 årsverk knytta til eininga, noko som kan aukast i tråd med behov og ekstern ressurstilgang”. Heile formannskapet var enige i dette.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her