Lysare i tunnelen

Nestunnelen i Saudasjøen får betre lys.

– Arbeidet med å forbetra lyset i Nestunnelen er godt i gang, konstaterer ordførar Frode Sulen fornøgd etter møtet med vegvesenet tysdag.

Ordføraren fortel at ein betre opplyst tunnel mellom Sauda og Saudasjøen lenge har vore eit ønske, mellom anna frå Eldrerådet. Eldrerådet føreslo elles å måla den nedre delen av tunnelveggane kvit, men vegvesenet meinte det ikkje er nødvendig, no som det vert betre lys i tunnelen.

Vegvesenet ser det elles, ifølge ordføraren, vanskeleg å laga ei form for fysisk skilje mellom dei harde og mjuke trafikantane gjennom tunnelen. Dette på grunn av utfordringar knytt til vedlikehald. Men, for å avhjelpa situasjonen har vegvesenet bygt opp fortauet.