Gamle Birkeland skule
TIL SALS: Sauda kommune har starta arbeidet med å førebu salet av tidlegare Birkeland skule. Går alt etter planen, kan salsannonsen verta lagt ut alt før jul. (Foto: Arvid Horpestad)

Sparte på skulekutt

Men tidlegare Birkeland skule er framleis i kommunal eige.

Birkeland skule vart lagt ned i august 2009. Elevane i denne krinsen fekk frå då av skuledagen sin på Austarheim skule.

Godt og vel fem år er gått. Kva er den økonomiske fasiten for Sauda kommune etter nedlegginga? Kva har kommunen spart på å legga ned Birkeland skule?

– Første året, det vil seia skuleåret 2009/2010, sparte me kring 2,6 millionar kroner, opplyser rådmann Wictor Juul til Ryfylke.

Juul forklarer at denne reduksjonen i det kommunale budsjettet med at den dåverande rektoren ved barneskulen slutta og at tre lærarårsverk vart sparte inn.

– Seinare kom eitt lærarårsverk i tillegg, slik at samla innsparing vart om lag 3,25 millionar kroner per år. Dette er rekna ut etter dagens lønsnivå og alle sosiale utgifter, opplyser rådmannen vidare.

Han seier at kommunen i tillegg har spart noko på vedlikehald. Dette dreier seg imidlertid ikkje om dei store summane, i og med at kommunen enno står som eigar av dei tidlegare skulebygga. Rådmannen konkluderer dermed at den nemnde innsparinga i løner og sosiale utgifter i all hovudsak er summen det er tale om.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her