*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VINNARPROSJEKTET: Styreleiar Sivert Sørnes og kultursjef Åshild Marie Øverland er einige om at Opus og Ratio sitt toetasjers tilbygg med delvis glasfasade er både det beste og det mest økonomisk sikre for Sauda.

Vil bruka sju millionar på Folkets Hus i 2015

Fleirtalet blant politikarane vil truleg trassa tilrådinga frå rådmannen.

– Me kan ikkje risikera at bygget ramlar ned medan me ventar på fullfinansieringa, sa Arbeidarpartiet sin gruppeleiar, Wenche Hoftun, då ho onsdag la fram sine tankar om rådmannen sitt 2015-budsjett for formannskapet.

Rådmann i Wictor Juul presenterte sitt budsjettforslag i begynnelsen på november. Han hadde då ikkje funne rom for å setta av pengar til den planlagde opprustinga av Folkets Hus, som har stått ubrukt i snart eitt år nå.

Sauda kommune har alt sett av 20 millionar kroner til Folkets Hus i eit disposisjonsfond. Medan rådmannen vil bruka alle desse i 2016, vil Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti bruka sju av millionane i 2015 og la 13 millionar kroner stå igjen til 2016.

– Det nødvendige vedlikehaldet må fortsetta i 2015. Eg trur dessutan at det er viktig å signalisera overfor andre at dette er noko Sauda kommune vil. Kvifor skal andre gå inn med økonomisk støtte viss ikkje kommunen sjølv legg pengar i prosjektet? spurde Hoftun.

Dette fekk dei to høgrepolitikarane i formannskapet, Ivar Tangeraas og Knut Atle Seim, til å reagera.

– Eg er redd for at me bruker sju millionar, og så står me der med eit halvferdig prosjekt. Kva om me ikkje greier å fullfinansiera planane? Skal det då enda med at kommunen må inn med endå fleire millionar? spurde Seim.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.