Sauda og Etne har lenge jobba saman for å få realisert ei veg- og tunnelløysing mellom dei to nabokommunane. Dei to kommunane har leika med tankane om å i felleskap tilsetta ein person, ein slags lobbyist, som skal jobba i ei halv stilling med å promotera og jobba for å få realisert prosjektet.
Rådmann Wictor Juul skriv i si innstilling til politikarane at han meiner det er best å venta med å avsetta større ressursar til arbeidet med vegen mellom Sauda og Etne til areal- og transportplanane for Haugalandet og Ryfylke er ferdig behandla. Planane skal vedtas komande haust. Den korte tida fram mot vedtaka gjer at ordførar Frode Sulen likevel meiner det er viktig å setta inn eit kraftig støt nå, ikkje minst med tanke på at Forsand nyleg har tilsett ein person til å fronta sine interesser i planarbeidet.
Dei andre politikarane i formannskapet, derimot, meinte at eit drygt halvår er altfor kort tid til at ein person får utretta noko utslagsgivande.
– Eg synest det er naivt å tru at ein ”supermann” skal gå inn å oppretta så mykje på såpass kort tid som eit halvår. Tilsetting og det å bygga opp eit kontaktnett tar tid, minna Høgres Knut Atle Seim om.
Høgres Ivar Tangeraas formulerte til slutt følgande fellesforslag: ”Formannskapet ber rådmannen prioritera og intensivera arbeidet med transportplan-arbeidet på Haugalandet og i Ryfylke fram til desse planane blir vedtatt neste haust. Formannskapet løyver inntil 100 000 kroner for å leiga inn ekstern bistand i dette arbeidet. Sauda kommune inviterer også Etne kommune til å bidra med det same beløpet til dette arbeidet.”
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.